TO ORD

Vil gjerne vite kva lesarane mine synest om bloggen min. Derfor hadde eg blitt veldig
glad om du kan beskrive bloggen med to ord. Prøv å finn på noko litt kreativt, så ikkje
du skriv det samme som alle andre. "Fin blogg" har eg høyrt mange gongar før for å
seie det sånn. Ikkje at det er dumt å seie, men det er ekstremt mainstream. Kisses !
Vil du legge igjen to ord som beskriver bloggen ?
<3 Marita
A KISS FOR YOU
Eg har fått eit supersøtt kyssestempel frå nettbutikken CoolStuff. Du må gjerne gå inn å
bestille deg dette om du har lyst på eit slikt stempel. Perfekt å bruke det no når det snart
nærmar seg valentinsdag, tihi... Eg er i alle fall veldig fornøgd med stempelet, synest det
vart ein veldig tydeleg og fin rødfarge. Resultatet er rett og slett supersmashing. Smask !



Likte du det ?
<3 Marita
SONGTALENTET FRÅ STRYN
Hei !
Den søte venninna mi Maria Lødemel Bøe er ein av finalistane i MGP Lokal. Ho kjempar om
å få opptre på MGP-scena i ein av delfinalane. HER kan du sjå Maria sin flotte opptreden der
ho syng Jar of Hearts. Eg har også laga eit lite intervju med ho, som du kan sjå lenger nede
i dette innlegget. Eg har nemleg journalistikk som tema i prosjekt til fordjupning på skulen.
Flinke jenta.

Intervjuet mitt med Maria.
Stem på Maria Lødemel Bøe ved å sende MGP LOKAL 6 til 2077
Syng du ?
<3 Marita
TABBER FRÅ UTFORDRINGSVIDEOEN
Hellu folkens !
Tysdag la eg ut ein videoblogg med utfordringsvideoen som eg og Emerense lagde i
helga. Konsentrasjonen var absolutt ikkje på topp under innspelinga av videoen. Vi var
dessuten litt overtrøtte. Derfor blei det heilt sick masse tabber. Det var i alle fall ikkje så
enkelt å synge "Bæ, bæ lille lam" baklenges. Det ser du sikkert at vi sleit med. ENJOY !
Fint startbilde. Not !
Kva synest du ?
<3 Marita
OUTFIT 26/01
Hello !
Tok meg tid til eit par kjappe outfitbilder. No skal eg vere med på rigging til eit lydkurs og så er det
endeleg tid for dansetrening. Ser verkeleg fram til helg, sjølv om det blir mykje hard øving til NM...
I dag er det forresten berre to veker til attenårsdagen og avreise til Bergen. Det blir digg. Can't wait !
Gensar frå Gina Tricot
Tights frå H&M
Sko frå Nelly.com
Ring frå H&M
Neglelakk frå H&M
Skjerf frå Vero Moda
Like it ?
<3 Marita
ONSDAGSOPPSKRIFT - HAVREKJEKS

Veke 4 - Havrekjeks
I dag har eg laga herlege havrekjeks. Oppskrifta er i frå ei gammal utklippsbok. Når
eg var lita jente elska eg å klippe ut oppskrifter frå vekeblad. Stor hobby for å seie
det sånn. Uansett, desse kjeksa er verkeleg verdt å prøve. Enkelt å lage dei også !
Ingredienser :
2 1/2 dl grov, sammalt kveite
3 dl havregryn
3 dl kveitemjøl
3 ss potetmjøl
2 dl sukker
1 ts natron
2 ts bakepulver
100 g smør
1 1/2 dl mjølk
Framgangsmåte :
Bland alt det tørre. Smuldre inn smøret og hell i mjølka til slutt. Samle det heile til ein
deig. Ha litt mjøl på bordet og kjevl ut deigen til ein passe tynn leiv. Stikk ut små og
runde kjeks med eit lite glas. Du kan eventuelt forme deigen med ei eller fleire skeier,
om du synest at det kan vere litt lettare. Leggast på eit bakepapirkledd steikebrett og
prikkast forsiktig med ein gaffel. Steikast på 180 grader i ca 15 minutt. It's delicious !
Fekk du lyst til å lage havrekjeks ?
<3 Marita
MI MAGISKE EVENTYRBOK
Å sette seg ned med eit ullpledd, ein kopp kakao og ei eventyrbok er noko alle burde
gjere oftare. Du las kanskje mange eventyr når du var liten, men det er absolutt ingen
grunn til å slutte med det. Du kan stenge ute alt rundt deg og reise inn i ei eiga verden.
Det er berre fantasien som set grenser. Du kan la tankane dine vandre fritt omkring i ditt
hovud. Slutt og tenk på det som bekymrar deg mest. Du er i draumeland og det er ingen
som kan dra deg ut av det landet. Lukk augene. Kjenn på denne følelsen. Denne herlege
følesen som du har no. Magien, fantasien og følelsane viser deg vegen. Vegen dit du skal.
Smil på utsida. Smil på innsida. Nyt denne stunda. Uansett om det er snakk om ti sekund,
minutt eller fleire timar. Ikkje la deg forstyrre av andre. Når du kjem tilbake til verkelegheita,
har du noko du kan sjå tilbake på. Og du kan glede deg til neste gong du skal koble heilt ut.
Er du i di eiga fantasiverden av og til ?
<3 Marita
VIDEOBLOGG - UTFORDRING
Helluen !
Først vil eg takke for alle forslaga vi fekk til denne utfordringsvideoen. Mange av lesarane
mine er verkeleg kreative. Må også informere om at eg og Emerense lagde videoen litt
seint på kvelden, så vi er ganske trøtte og litt småhypre. Derfor brukte vi en evighet på å
spele det inn. Vi har likevel prøvd å få med dei aller fleste utfordringane vi fekk. ENJOY !
Haha, flaut...
Like it ?
<3 Marita
LIFE IN PLASTIC
Plastisk kirurgi er eit tema som er svært mykje diskutert. Er det greit å gjennomføre ?
Er det bortkasta ? Blir det i det heile tatt vellykka ? Det er tusenvis av spørsmål rundt
dette. Vi er ekstremt opphengt i å sjå bra ut, men er vi verkeleg villige til å gå så langt ?
Det er klart at folk kan vere misfornøgde med sin eigen utsjånad, og derfor kanskje trur
at dei vil få maksimalt med sjølvtillit og "det perfekte liv" etter ein omfattande operasjon.
Om du er heilt sikker på at det aukar livskvaliteten din så får du vel berre satse på det.
Dersom det er kun på grunn av utsjånad og forfengeligheit synest eg du bør tenke deg
litt om. Spesielt viss du er veldig ung og i den tida der det er om å gjere å vere perfekt.
Eg kan ramse opp mange gode grunnar til å la vere. Vel, for det første er det sinnsjukt dyrt.
Du må nok ta opp eit gigantisk lån som du aldri klarer å betale heilt tilbake, vere ei ekstremt
bortskjemt Hollywoodfrue eller jobbe ræva av deg i eit halvt menneskeliv før du faktisk får
råd til dette vesle inngrepet som skal få alt til å bli så himla bra. Verdt det ? Don't think so.
Det er dessuten ingen garanti for at det blir vellykka. Du kan ende opp med eit stramt,
grusomt katteansikt. Eller med lepper som dekker heile fjeset ditt.... Say no more !
Katten og fisken. Fekk du lyst til å kysse fisken ? Eeewww.
Det er heller ingen veg tilbake. Du kan ta uendeleg mange operasjonar, men du vil aldri
kunne få tilbake det ansiktet eller den kroppen du ein gong hadde. Vi kan vel eigentleg
samanlikne det med å farge håret - du får aldri igjen din naturlege hårfarge. Dette er
sjølvsagt tusen gongar verre då. Om du har fått eit katteansikt, så er det dessverre
veldig lite ein kan gjere med det. Du kan trøste deg med at kattar har ni liv, då...
Aqua - Barbie Girl
I 1997 kom denne monsterhiten frå Aqua. Den toppa alle hitlister, og har selt over åtte
millionar eksemplar over heile verda. Sick ! Eg hugsar veldig godt når eg og vennane
mine sto på badet og sang "I'm a Barbie girl, in the Barbie world" for full hals. Priceless.
For ikkje å snakke om ferieturen til Kristiansand i 1998. Då sto denne songen på replay
omtrent heile vegen ned. Ti timar med ei utolmodig, fire år gammal jente i baksetet som
song "Barbie girl" til den store gullmedalje. Mamma og Pappa var vel mildt sagt drittlei.
Engelsken var vel kanskje ikkje noko meir enn sånn middels god, men nok om det...
Poenget var at medan denne songen vart så populær, sto foreldrene og reiv seg i håret
av fortvilelse. Dei ville nok ikkje at jentene deira skulle ha eit så dårleg plastikkforbilde.
Barbie var jo perfekt. Syltynn blondine med perfekte former og eit nydeleg ansikt. Var
det sånn unge jenter skulle sjå ut ? Absolutt ikkje. Eit uoppnåeleg skjønnhetsideal
på mange måtar. Ein måtte vel i så fall ty til plastisk kirurgi. Ikkje noko bra alternativ.
Eg kan konkludere med at eg aldri kunne tenkt meg å prøve plastisk kirurgi. Vi må
vere fornøgde med det vi har fått. Lære oss å sette pris på vår eigen utsjånad. Det
er faktisk sånn det er meininga at vi skal sjå ut. Ser derfor ingen grunn til å endre
på det. Vi er fødd sånn og skal vere sånn. Vi er perfekte akkurat sånn som vi er !
Kva synest du om plastisk kirurgi ?
<3 Marita
SJUK I DAG
Hello !
I dag er eg dessverre sjuk. Våkna med heilt tett nase, sår hals og hovudverk. Matlysta er
heilt på bånn og eg orka veldig lite. Utruleg kjipt å ligge inne når det er sol ute. Vi får vel
berre krysse fingrar og tær for at eg snart er frisk igjen. Vanlegvis tar det ikkje så lang tid.

Off, hår med masse bølger. Ingen vits i å stelle seg når man er sjuk...
Andre som ikkje er friske ?
<3 Marita
PHOTOSHOOT I DALEN
Hellu !
I dag gjekk eg og Emerense på tur i Støfringsdalen og hadde ein photoshoot. Bildene
blir så utruleg flotte når det er så mykje snø og eit herleg lys ute. Vi er i alle fall veldig
fornøgde med det endelege resultatet. Håpar at du også likar desse bildene av oss !











What do you say ?
<3 Marita
GIVE US A CHALLENGE
Hello !
Emerense kjem på overnattingsbesøk i helga og vi har big plans om å lage videoblogg
til mine søte blogglesarar. Vi vil gjerne at alle som les dette innlegget kjem med ei lita
utfordring til oss. Gjerne fleire om du har god fantasi ! Vi kan gjere alt i frå å ete ekkel
mat til å synge songar vi verkeleg hatar. Det er DU som bestemmer kva vi skal gjere.
Frå avslutningsfesten i 10.klasse. Love you, girl ♥
Har du ei utfordring til oss ?
<3 Marita
EVERY SECOND
Every second is yours.
Every second is pretty.
Every second is very short.
Every second is thoughtfully.
Every second is a new moment.
Every second is a special second.
Every second is a new beginning.
Every second is a new challenge.
Every second is your best chance.
Every second is a chance to turn your life around.
Når eg er i det kreative hjørnet, skriv eg ofte massevis av korte linjer og dikt. Den herlege
følelsen man får etter å ha "tømt" tankane litt er så ubeskriveleg. Brått kjenner du kanskje
at du trekker litt på smilebandet og føler deg mange kilo lettare av å berre få det ut. Digg !
Skriv du ned tankar av og til ?
<3 Marita
ONSDAGSOPPSKRIFT - BANANKAKE

Veke 3 - Banankake
Tenkte at eg kunne starte heile konseptet mitt med ei enkel, men fantastisk god oppskrift.
Mamma fann ei finfin oppskrift på banankake i eit blad ein gong. Den prøvde ho, og kaka
smakte verkeleg heilt himmelsk. Seinare har vi brukt ei anna oppskrift også, den er vel
eigentleg litt bedre. Vel, om du ikkje har smakt banankake endå bør du prøve det no !
Ingredienser :
3 egg
170 g sukker
1 dl matolje
125 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
2 bananer
50 g sjokolade / 50 g hakka valnøtter
Framgangsmåte :
Pisk eggedosis av sukker og egg. Rør inn oljen. Bland mjøl og bakepulver og vend det
inn i røra. Mos bananene og bland i. Til slutt kan du ha i små, hakka sjokoladebitar eller
valnøtter. Hell i ei godt smurt form. Rundt 24 cm. Steik ved 200 grader i ca 30-35 minutt.
Du kan drysse litt melis over kaka før servering for å få den siste finishen. Looks great.
Enjoy it !
Ser det godt ut ?
<3 Marita
NYE SKO FRÅ SKORINGEN
Heisann godtfolk !
Halv dag er digg. Eg reiste til Førde for å gjere eit intervju og fekk også tid til å handle
litt. Nye sko kjøper eg stort sett alltid, så det var vel ingen overraskelse at nettopp det
skjedde i dag også. Resten av dagen skal eg slappe totalt av. Og spele Wordfeud...

Me and my shoes.
Kva synest du ?
<3 Marita
BEFORE I DIE
Heisann !
Det er så uendeleg mykje ein har lyst å oppleve i løpet av livet. Mi liste er evig lang. Eg
legger likevel ut eit bildedryss med ein god del av punkta som du kan finne på mi liste.



























Make my wishes come true !
Vil du gjennomføre mykje av det samme før du dør ?
<3 Marita
FINN SJU FEIL
Hellu !
Det er artig å ha litt leik og moro på bloggen. Eg har derfor laga til to bilder som nesten er
heilt like. Di oppgåve er å finne ut kva eg har endra på ved det nederste bildet. Det øverste
bildet er altså uten feil. Skriv gjerne ein kommentar med dei feila du klarte å sjå. Lykke til !
Riktig :
Feil :
Ikkje les fasiten før du har sett skikkeleg etter, då...
Fasit :
Traktorhjulet er svart i midten.
Ein gjenstand som låg på senga er fjerna.
Hanna manglar ein kvit blomst i håret sitt.
Robert Pattinson manglar beltespenna si.
Det manglar ei perle på cupcakesboksen.
Ein av ringane eg hadde på meg er fjerna.
På kartongen med påskeegg er antall egg fjerna.
Bildet av Robert Pattinson og Kristen Stewart vart altså det einaste som var uten feil.
Klarte du det ?
(Du er søt viss du er ærleg)
<3 Marita
OUTFIT 15/01
Hellu !
Eg starta denne flotte søndagsmorgonen med ein liten skogstur i lag med venninna mi. Tok
faktisk outfitbilder. Applaus ! Kan faktisk ikkje hugse sist det vart gjort, for å vere heilt ærleg...
Uglesmykke frå Seduce.no
Uglering frå Topshop
Armband frå Glitter
Klokkering frå Glitter
Sko frå Økonomisko
Bluse frå Lindex
Lue frå H&M
Bukse frå H&M
Synest ?
<3 Marita
ROSA SUKKERSPINN
Yo !
Med meg går det ofte veldig treigt når det gjeld å komme skikkelig i gong med å lese
ei bok. Eg les ofte berre eit par sider før eg legg boka vekk. Det er sikkert fordi eg er
ei ganske utålmodig sjel, og vil gjerne komme fort til poenget. Burde endra meg der.
Likevel las eg sinnsjukt mange bøker når eg var yngre. Eg lærte meg og skrive når
eg var tre år, og begynte å lese bøker når eg var fire. Det har eg verkeleg hatt god
nytte av seinare i oppveksten min. Ein får så ufatteleg mykje kunnskap av å lese.
Anyway, no er eg ferdig med boka "Rosa sukkerspinn" som eg starta å lese for ei
god stund sida. Boka er absolutt ikkje den beste eg har lest, men den var heller
ikkje dårleg. Språket er ikkje supert og det tar litt tid før denne boka er interessant.
Terningkast 4.
Har du lest denne boka ?
<3 Marita
DON'T GIVE UP


På bildet kan det kanskje sjå ut som at eg er langt nede i kjellaren mentalt. Det er eg ikkje,
men alle opplever vanskelege tider. Når lengselen er så enormt stor, følelsane så uendeleg
djupe og saknet så sårt, kan det vere vanskeleg å halde motet og humøret oppe. Believe me.
Er du flink til å halde humøret oppe når du møter motgang ?
<3 Marita
WHITE CUPCAKE
Hello !
Cupcakes er så herlege. I dag kom Mamma heim igjen med ein søt liten boks frå
Kremmerhuset. Små overraskelsar i kvardagen er noko av det beste eg veit om.

Eg har sjølvsagt ringar i den. I guess you already knew...
Likte du denne ?
<3 Marita
BALLERINA OG BLAD
Heisann !
Etter ein lang skuledag er det heilt fantastisk å slappe av med eit herleg blad og litt kjeks.
I fjor vann eg eit abonnement på Costume. Det siste bladet i abonnementet kom i posten
i dag. Litt fristande å fortsette å abonnere, men eg har so sinnsjukt med blad no. Word !
Leser du Costume ?
<3 Marita
NYTT KONSEPT - ONSDAGSOPPSKRIFT
Hey !
På bloggen min har eg hatt mange populære konsept. Mange av lesarane hugsar nok
kanskje Torsdagstips og Fredagsfavoritten som eg hadde i fjor. No føler eg det er på
tide å starte opp eit nytt, fast konsept. På den måten har lesarane noko å glede seg til.
Eg er veldig glad i å bake, og kunne gjerne hatt ein bakeblogg om eg hadde hatt tid til
det. Derfor tenkte eg å starte eit konsept som skal heite Onsdagsoppskrift. Då skal eg
legge ut gode oppskrifter kvar Onsdag. Eg har halv dag kvar Tysdag, og bakar derfor
ofte desse dagane. Då passar det jo kjempefint å legge ut oppskrifta dagen etterpå !
Du har sikkert lagt merke til at eg deler oppskrifter med lesarane mine i ny og ne. Når
eg no startar dette konseptet, kan eg love at det blir stor variasjon og spennande tips.
Kanskje det blir nokre oppskrifter som eigentleg er litt hemmelege ? Alt for bloggen.
Forresten, så tar eg gjerne i mot innspel frå lesarane mine om kva slags oppskrifter
DU gjerne vil ha framover. Skriv ein kommentar med ditt ønske, og du er ein engel !
Høyrest dette greit ut, eller ?
<3 Marita
NY HEADER
Hola amigos !
Det var kanskje på tide å bytte ut juleheaderen min, sjølv om eg likte den godt. Eg lagde
uansett ein ny header som eg vart ganske fornøgd med. Kunne sjølvsagt laga ein fresh
vinterheader, men det er jo ikkje snø ute. Alt har regna vekk. Whatever, I hope you like it.
Elles har eg bytta ut litt fargar i designet mitt. Eg følte vel at raudfargen passar aller best
om jula. Grått er kanskje trist, men eg synest eigentleg ikkje at det vart så verst. Fornøgd.
Synest ?
<3 Marita
MIDTSKILL
Hey everybody !
Eg fekk lyst til å prøve midtskill i dag. Synest ikkje eg passar det sånn supergodt. Ei
venninne av meg har verkeleg utrulig lyst til at eg skal begynne å gå med håret mitt
sånn absolutt kvar einaste dag, og ba nesten på sine kne om at eg skulle skrive
dette innlegget. Eg er likevel litt i tvil om eg kler det. Det er i alle fall veldig uvant...

Strikkagensaren min er forresten heilt ny. Mi kjære Mormor har strikka den til meg ♥
Synest du at eg kledde midtskill ?
<3 Marita
BLONDES HAVE MORE FUN
Hei folkens !
Det er irriterande å automatisk bli stempla som dum om ein er blond. Rett og slett heilt
komisk. Du kan for eksempel finne mange blonde kvinner på Stortinget, som har nådd
utrulig langt med sin kunnskap og sine meiningar. Du kan eigentleg berre gløyme alle
dårlege blondinevitser. Det er faktisk det vi har på innsida som teller mest. Go blondes !
Hehe, funny... Or not ! Det kunne vel like godt vore ei brunette si dagbok.
Haha, burn...
Jess, det stemmer !
Ikkje bli fornærma om du er brunette, då. Det er tross alt eit blogginnlegg from a blondie.
Er du blondine ?
<3 Marita
NYE BILDER PÅ VEGGEN
Hei !
Til jul fekk eg ei superstilig bilderamme med plass til åtte bilder. Fann ut at det var på
tide å henge den opp på veggen i dag. Hadde liggande ein del bilder som passa fint
inn. Det er så herleg å fornye litt på rommet, for det trengs verkeleg av og til. I like !

Wanna say something ?
<3 Marita
WE'RE GETTING CLOSE NOW
Du er så nær. Du er der nesten. Alt begynner å sjå lysare ut, men du veit at den siste,
vesle biten av puslespelet aldri vil komme til rette. Det vil aldri bli heilt perfekt. Det blir
ikkje akkurat slik som du har sett føre deg i tankane og draumane dine. Eit mål som
er nesten uoppnåeleg kan du ikkje rekne med å nå. Derfor må du fokusere på det du
har klart. Det du endeleg har fått andre til å innsjå. Det du sjølv har innsett. Endeleg.
Ikkje mist håpet, sjølv om du kanskje veit like godt som andre at det aldri vil bli bra igjen.
Du kan ikkje gje opp når vi er så nær. Du kan ikkje knuse alle planar og draumar. Du
kan ikkje berre ignorere alle følelsar. Dine tankar er ikkje enkle å lese, men eg veit at
du føler det samme som meg. Innerst inne. Vi må berre fortsette å gå. Vi er jo så nær.
Synest du det er godt å skrive ned det du tenker av og til ?
<3 Marita
ANGRY BIRDS I POSTEN
Hello my people !
Eg har fått tre Angry Birds i posten frå nettbutikken CoolStuff. Dei er supersøte, sjølv om
dei er sinte. Mine nye bamsar lagar til og med merkelege lydar når vi trykker på dei. Har
faktisk laga ein liten video, sida det dessverre ikkje går å høyre lyd gjennom bilde. So cool !
Love them !
Videoblogg, awyeah...
Er du også avhengig av Angry Birds ?
<3 Marita
GÅRSDAGENS INNKJØP
Hellu !
I går reiste eg til Førde for å jobbe med radioreportasjen min. Vi har medietentamen
denne veka. Litt stress, men eg kjem sjølvsagt i mål med alt eg skal rekke. Eg fekk i
alle fall tid til å handle litt nye klede og eit par sko. Januarsalg er vel ikkje så verst !
Gensar frå Bik Bok
Bukse frå Bik Bok
Lue frå H&M
Jakke frå H&M

Sokkar frå H&M
Sko frå Eurosko
Did you like it ?
<3 Marita
SISTE SJANSE
Siste sjanse til å vise kva eg kan.
Siste sjanse til å legge igjen spor.
Siste sjanse til å vise kva eg føler.
Siste sjanse til å oppmuntre deg.
Siste sjanse til å prestere dødsbra.
Siste sjanse til å verkeleg imponere.
Siste sjanse til å forstå grunnen din.
Siste sjanse til å gje deg ein klem.
Siste sjanse til å ta ordentleg farvel.
Siste sjanse til å fortelle sannheten. 

Følt det sånn før ?
<3 Marita
PRETTY RINGS


Sitatet stemmer i alle fall for meg. Det er verkeleg ein av mine aller største favorittar.
Det er mange av lesarane som vil sjå mi store ringsamling, men det er faktisk ganske
vanskeleg å få til. Har sikkert tjue forskjellige skåler og toalettvesker der ringane mine
ligger. Eg er definitivt heilt avhengig, og føler meg naken om eg går uten ring. Word !
What do you say ?
<3 Marita
MUSIKKPUTE
Hello !
Eg har fått meg ei ny musikkpute. Den er kjøpt på Kremmerhuset. Motivet på den nye puta
mi passar vel eigentleg best om jula, sida det er ein julesong på puta og det står "gledelig
jul" nede i det eine hjørnet. Whatever, veit ikkje om eg klarer å pakke den vekk etter jul...

Like it ?
<3 Marita
SURPRISE ME

Det nye året har starta og eg har mange planer og gode ønsker for 2012. Håpar at det blir
eit fantastisk bra år ! Eg fyller faktisk 18 år dette året, så eg har veldig mykje å glede meg til.
Kva ser du aller mest fram til i 2012 ?
<3 Marita
ÅRET 2011
Om eg skal vere heilt ærleg så har ikkje 2011 vore det beste året. Det vart absolutt ikkje
som forventa. Året har heldigvis hatt mange oppturar, men det er likevel flest nedturar.
Dessuten har mange av årets nedturar gjort så sterkt inntrykk på meg, at eg er nesten
som ei heilt ny jente no. Lista over nyttårsforsett er evig lang, og 2012 skal bli eit bra år.
JANUAR :
Året starta veldig bra. Katrin og eg var på show med Bye og Rønning i nyoppussa kinosal
i Førdehuset. På skulen hadde vi reklameprosjekt der vår gruppe lagde reklame for den
tøffe butikken Marcel. Dansegruppa vår hadde danseforestilling i midten av månaden. Vi
fekk også danse i den nye kinosalen og det var stor stas. Søte Maria hadde bursdag. Litt
kjipt at Voe slutta å blogge denne månaden, men ho har gjort comeback i ettertid. Sjølv
om ikkje er så stor fan av ho lenger... Pappa hadde bursdag på den siste dagen i januar.
FEBRUAR :
I denne månaden vart eg 17 år. NM for brassband i Bergen var sjølvsagt eit høgdepunkt
også. Eg var på Madconkonsert med ein fin gjeng i Sogndal. Vi laga ei herleg gulrotkake
som vi tok med oss inn til Bestefar då han hadde bursdag. I vinterferien var eg sjuk, men
fekk heldigvis tatt eit par skiturar i løpet av ferien. Det var VM i Oslo denne vinteren, og
eg møtte sjølvaste Petter Northug som du sikkert ser. Okei, det var kanskje bittelitt juks...
MARS :
Eg var totalt hekta på ein serie som heitte "Åse tonight" på NRK. Lady Gaga vart 25 år
denne månaden. Torsdagstips vart starta opp her på bloggen, og det vart eit populært
konsept. Eg hadde også ein konkurranse på bloggen denne månaden. På skulen lagde
eg magasincoveret BlackBook og eit magasinoppslag med Katie Melua. Annais slutta
dessverre å blogge denne månaden, men heldigvis starta ho igjen seinare dette året.
APRIL :
Var på ei fantastisk danseforestilling med dansegruppa Bloom i Førdehuset. Eg lagde
også heilt himmelske sjokoladekjeks og gode gulrotscones. Påska var veldig sein i år
men det var sjølvsagt snø på Ullsheim. På skulen lagde eg ei søt påskebrosjyre. Eg åt
masse Freia påskeegg. Det er så godt ! Eg var også til Førde med søte Marie og Lene
frå Kjølsdalen. Broren min vart 8 år mot slutten av denne månaden og Jølster Musikklag
hadde ein kjempebra fest med storbandmusikk i Gjesthalla. I also made a few mistakes...
MAI :
Cupcakesfeberen tok meg verkeleg denne månaden. Klassen min reiste også på ein finfin
studietur til Bergen. Eg var så heldig at eg fekk tak i billettar til Rihanna-konserten i August.
Toppen av lykke. Den superherlege kjekkasen Robert Pattinson vart 25 år denne månaden.
Mamma hadde også bursdag. Det vart dessverre ein regnfull 17.mai. Kjipt for musikantar
som må marsjere i regn. Bloggen min hadde faktisk toårsdag den 20.mai. Hurra for det !
JUNI :
Dansegruppa hadde danseforestilling denne månaden. Bloggen min vart "ukas blogg"
på Ung.no. Familien vår var på hyttetur til Tang Hyttegrend i Hafslo ei helg. Hege hadde
bursdag. Skulemusikken reiste til London og hadde ein heilt fantastisk tur. Zac Efron ♥
JULI :
Eg jobba ein del denne sommaren. Likevel fekk eg tid til å reise ein liten tur til Kragerø
og eit par andre plassar i landet. Det regna mykje, og det var vanskeleg å forstå at det
faktisk var sommar. Eg lagde Dots iskake. Vi gjekk turar på flotte Årsetstøylen, slik vi
gjer kvar einaste sommar. Onkelen min vart 40 år og dei flotte foreldre mine hadde
bryllupsdag. 22.juli forandra alt seg. Ei av dei verste terrorhandlingane nokon gong.
Eit bombeangrep på regjeringskvartalet og ekstreme skytehandlingar på Utøya tok
77 liv. Det var berre ein person som sto bak. Ufatteleg. Norge sto heldigvis saman
som aldri før gjennom den vanskelege tida etter alt dette. Sommaren vart uvanleg.
AUGUST :
Tid for nytt skuleår. Rihannakonserten var definitivt høgdepunktet denne månaden.
She's absolutely amazing. På skulen hadde vi skuleval. Eg vann også ein bra mascara i
ein kul konkurranse som blogg.no hadde. Eg såg "Hjelp, vi er i filmbransjen" på kino i
Sogndal faktisk. Den kom jo faktisk ikkje til Førde. Anyway, alt for Henrik Thodesen ♥
SEPTEMBER :
Klassebildet kom i posten. Eg var på fest i Florø hos godjenta mi, Emerense. Kjøpte
meg også ei ny og herleg haustjakke. Bloggmagasinet Streetstyle vart utgitt. Eg lagde
fanside til bloggen på Facebook etter ein del spørsmål om det. Den nydelege mannen
Henrik Thodesen hadde bursdag og Torsdag kveld fra Nydalen hadde sesongstart. På
bloggen starta eg opp det nye konseptet Fredagsfavoritten. Det vart veldig populært.
OKTOBER :
På bloggen hadde eg konkurranse med goodiebag som premie. Coldplay ga endeleg ut
albumet Mylo Xyloto som vi alle hadde venta lenge på. Still addicted. På skulen lagde eg
portrettintervju med Fride. I haustferien jobba eg litt og reiste til Førde med den søte jenta
Renate. Natalia hadde bursdag. Jølster Musikklag deltok på Nordvestmesterskap i Måløy.
NOVEMBER :
Min søte tremening Ingrid var på Jølster og vi kosa oss veldig både i Førde og på hytta
der dei overnatta. Morten Ramm bestemte seg for å slutte i Torsdag kveld fra Nydalen.
Eg testa produkt frå Oriflame. Eg lagde også eplemuffins. Mi kjære Oldemor døydde
den 9.november og ho fekk ein flott og rørande begravelse den 15.november med
nesten heile slekta samla for å ta farvel. Vil alltid hugse deg, kjære Oldemor Gunnborg.
DESEMBER :
Julestemninga kom fort, sjølv om vi ikkje har hatt så mykje snø denne månaden. Eg var
på julephotoshoot og lagde lussekattar. Vi fekk årbok på skulen. På bloggen hadde eg
konkurranse der ein kunne vinne sminke frå Elf. Natt til andre juledag kom ein fæl storm
og ødela store delar av Vestlandet. Denne jula kjem eg i alle fall garantert til å hugse.
Mange gode minner frå året som gjekk, men vi satsar på endå fleire i året som kjem.
Eg hadde heilt andre forventningar til 2011 i utgangspunktet, men det vart endringar.
GODT NYTTÅR, FOLKENS !
Kva synest du om året 2011 ?
<3 Marita
STJERNER I JULETREET
Hallo !
Du har kanskje lagt merke til at eg likar å ta bilder av juletreet... Det er så kjekt ! Noko av
det aller finaste i juletreet vårt er alle dei vakre stjernene. Eg elskar stjerner ♥ Stjerner
gir oss håp. Stjerner viser veg. Stjerner passar på. Stjerner pyntar himmelen over oss.




What do you think ?
<3 Marita
UGLEPLEDD
Yo !
I dag sov eg kjempelenge, og det var utrulig godt. Romjula er ei finfin tid ♥ Det er så
herleg å berre slappe heilt av ! Har daffa i heile dag med koselege julefilmar, masse
snop og julebrus. Eg har også fått prøvd det nye uglepleddet mitt som eg fekk til jul.
Cute ♥
Kosemoseoverdose
Kva har du gjort på i dag ?
<3 Marita
YOU BROUGHT COLORS

Du hadde vel aldri gjetta at desse bildene er foto som eg har tatt sjølv ? Det er faktisk det.
Tok eit uklart bilde med lang lukkertid av roser og redigerte det i ulike fargar. Superfresht !
Like it ?
<3 Marita
OREOKULER
Vi skulle få masse besøk i romjula, men vegane er stengde og telefonlinjene er ikkje
åpne. Derfor blir det mest sannsynleg ein del innekos med familien. Då passar det
heilt perfekt å lage litt julekonfekt og sette seg ned med eit kjekt brettspel. TV-en vår
virkar ikkje endå, men heldigvis har vi internett. Skummelt at vi er så avhengige...
I dag har eg laga heilt himmelske oreokuler. Legger ut ei oppskrift på bloggen viss
det er andre som kunne tenke seg å prøve dette. Vil absolutt anbefale det. Here it is :
Ingredienser :
(30-35 kuler)
1 pakke Oreokjeks
200 gram naturell kremost (Philadelphia)
100-150 g mørk kokesjokolade
50 g kvit sjokolade (melis kan også brukast)
Framgangsmåte :
Knus kjeksa i ei kjøkkenmaskin. Rør inn kremosten. Det kan vere litt tungt, så start
med å mose det med ein gaffel for å få ei glatt røre. Sett i kjøleskapet i 10 minutt.
Rull til små runde kuler. Sett kulene på brett med bakepapir. Settast så på avkjøling
i kjøleskap i minimum 1 time. (til dei har stivna) Smelt mørk sjokolade over vannbad.
Dypp kulene i sjokoladen og legg dei på eit brett med bakepapir. Smelt kvit sjokolade
over vannbad, men la den mørke sjokoladen få stivne heilt før du tar kvit sjokolade på.
Ta den kvite sjokoladen i ein plastpose og lag eit lite hol i ein ende for å få ein tynn
stråle til å dekorere kulene med. Du kan også bruke melisglasur om du ønskjer det.
Alternativt kan du ha kulene i små konfektformer og drysse på strøssel. Oppbevar
Oreokulene i ein heilt tett boks på ein kjølig stad heilt til dei skal nytast. Delicious ♥
Herlege små kaloribomber ♥
Fekk du lyst til å prøve dette ?
<3 Marita
STORMFULL DESEMBERNATT I OLDEN
Det var ein gong ein familie på fem som skulle i juleselskap på Solheim første juledag.
Juleselskapet var koseleg. Nesten tretti personar var samla og stemninga var god. Mot
slutten av juleselskapet forsvann all elektrisitet. Vi tende mange stearinlys og prøvde å
halde humøret oppe likevel. Etter ei stund var det på tide å reise heim igjen til Jølster.
Vi køyrde berre i ti minutt. Det låg eit stort tre midt i vegen, så vi måtte berre snu og
reise opp igjen til Bestefar. Der skulle våre danske slektningar overnatte, så vi leitte
fram alt vi kunne finne av puter og pledd og la oss i den gamle stova. Vi hadde verken
med oss pyjamas, tannbørste, bytteklede eller sminke. Det var litt krise for eldstejenta
Marita. Det var også kaldt i denne stova, men det var likevel ikkje det største problemet. 
Stearinlys i vårt hjerte ♥
Den grusomme orkanen utanfor var enkel å høyre gjennom dei syltynne veggane på
Solheim. Mørkeredde Marita sov ikkje eit sekund, for ho likar ikkje storm og våknar av
den minste lille lyd ho kan høyre. Det vart mange lange timar, og det kjendest som at
denne natta var evig lang. Frykta for at det gamle treet rett utanfor huset skulle knekke
i hop var ganske intens. Å gå på do oppe på loftet var også ekstremt skummelt. Ein
kunne kjenne dråpar frå takvinduet i trappeoppgangen, sida det eine vinduet var knust.
I femtida om morgonen hadde det roa seg litt ute. Vi fekk dessverre ikkje sove likevel.
Den flinke Pappaen la i omnen i sekstida, sida mange av oss fraus ganske mykje. Då
fekk vi ein skikkeleg hyttefølelse. Vi låg og slappa av ei lita stund til før vi sto opp. Marita
såg ut som Hufsa, og hadde ikkje med seg toalettsaker. Flott det. Synet som møtte oss
når vi såg ut vinduet var heilt sjukt. Trea låg strødd som fyrstikker. Vi åt ein kjapp frukost.
Om du ikkje fekk tak i juletre dette året, kan du sikkert finne deg eit her.
I svingen på veg ned frå Solheim.
Når vi køyrde nedover til sentrum i Olden trudde vi ikkje våre eigne auger. Gjerder, tre,
trampoliner, taksteinar og anna skrot låg strødd utover alle hagar og bøar. Det såg ut
som om det hadde vore krig i Olden. Null tull. Vi såg i alle fall fram til å komme heim
igjen til Jølster, men det var meir i vente. Meir som skulle skape problem for oss. Då
vi var på veg over Utvikfjellet var det nesten heilt tomt for bensin, og det var sjølvsagt
ingen bensinstasjonar som fungerte uten straum. Heldigvis kunne vi la bilen vår trille
nedover Utvikfjellet. Pappa jobbar heldigvis på meieriet på Byrkjelo, så vi svinga bilen
inn der og fekk tak i litt bensin. Takk for det. Vi kom oss heim til Jølster i god behold.
Rett utanfor kyrkja.
Heilt ødelagt...
Ikkje bra.
No sitter eg her i OnePiece og er totalt hyper. Overtrøtt, sa du ? Jepp, I think so... Skal
bli veldig godt å legge seg i si eiga seng denne natta etter i søvnlaus natt på Solheim.
Har det vore orkan der du bur ?
<3 Marita
KLAR FOR JULESELSKAP
Hello !
No er eg heilt klar for juleselskap med slekt og familie på Solheim i Olden. Vanlegvis har
vi juleselskap på Blakset andre juledag, men det vart litt endringar i år sida slekta vår frå
Danmark reiser heim i morgon. Håpar at alle er veldig fornøgde med julepresangane dei
fekk i går, og nyter denne herlege søndagsmorgonen maksimalt ! Love you all, søte folk ♥
Tommel opp !
Skal du i juleselskap i romjula ?
<3 Marita
GOD JUL TIL ALLE
Då er dagen her. Den beste dagen i året ♥ Julefrukost, godteri, julekjole, Tre nøtter til
Askepott, Reisen til julestjernen, julesalmar i kyrkja, himmelsk middag, julegåver og
masse kvalitetstid med familien og slekta. Der har vi nokre av stikkorda for å beskrive
dagen. Håpar at alle får ein heilt fantastisk dag ! Nyt den masksimalt. God jul til alle !
Herleg å finne godteri i strømpa på denne vakre dagen ♥
Kremmerhuset er min favorittpynt på treet !
Tre nøtter til Askepott in my heart ♥
Skal spele i kyrkja etterpå. Med så lite instrument. Hihi !
Vakkert, hehe...
Har sjølvsagt pynta !
Juleklem til alle frå meg !
GOD JUL TIL MINE KJÆRE BLOGGLESARAR OG ALLE ANDRE ♥
<3 Marita
FEKK MANDELEN I GRAUTEN
Hello !
Vi har ein tradisjon med å samle den aller nærmaste familien på ein av dagane før jul.
Då leverar vi pakkar til kvarandre og et Mormor sin gode risengrynsgraut med mandel i.
Alltid like koseleg. Dette året var eg den heldige som fekk mandelen ♥ Wiiiiih, så gøy ! 
Haha, sweet.
Mandelen og marsipangrisen ♥
Får du ofte mandelen i grauten ?
<3 Marita
VIDEOBLOGG - JULESONGAR
Hey !
Det kjem ein videoblogg med julesongar dette året også. Eg har verken brukt mykje tid
på innspeling eller redigering, men håpar at resultatet er heilt brukbart likevel. Har ikkje
så veldig god tid akkurat no, sida den store dagen vi alle ventar på verkeleg nærmar seg
med stormskritt. Tenk at det faktisk er lillejulafta i dag. Åh, det er så herleg å tenke på ♥
.
Valet av songar er ganske tilfeldig. Eg likar stort sett alle julesongar !
Kva julesongar likar du best ?
<3 Marita
JUST SAY IT

Aww, denne var søt !
Tommel opp ?
<3 Marita
RING MED G-NØKKEL
Hellu !
Eg har fått veldig mange spørsmål om kor eg har kjøpt ringen min med G-nøkkel.
Den er altså kjøpt på den svenske nettbutikken Cocoo.se og du kan kjøpe ringen
akkurat HER ! Eg brukar ringen på alle mine musikalske opptredener. Både song,
piano og korps. Du kan godt kalle det lykkering om du vil ♥ Eg blir faktisk mindre
nervøs, fordi eg kan sjå på den og tenke at dette er noko eg klarer fint. No worries.
Haha, sweet...
Den ser ekstremt stor ut på dette bildet, men det er den altså ikkje...
Har du noko du berre MÅ ha på deg når du skal opptre ?
<3 Marita
JULEFERIE
WOOOOOHOOO, VI HAR JULEFERIE !
Slutta tidleg i dag, så vi reiste opp i skogen på Årset for å finne oss eit juletre. Måtte
nesten få det gjort før det blei mørkt ute. Elles har eg kjøpt meg litt julesnop som eg
skal kose meg med, og feire at vi endeleg har juleferie ♥ Det er ein heilt fantastisk
følelse. Ser fram til to veker med familie, slekt, venner og totalt avslapping. I kveld
skal eg på kino med ei venninne, og så blir det vasking av hus i morgon. Lovely.
Oh yes !
Ugla er som vanleg godt plassert på ringfingeren.
Dine planer for kvelden ?
<3 Marita
VINNAREN AV ELF-SMINKE
Hey folkens !
Då har eg endeleg trukke ein superheldig vinnar av konkurransen som eg starta i forrige
veke. Eg vil takke alle som har deltatt. Det er utruleg koseleg. Tusen takk ♥ Vel, no er du
sikkert utrulig spent på kven som vann sminke i min konkurranse. You will find out soon.

VINNAREN AV KONKURRANSEN ER ELISABETH KROHN
Gratulerer så masse ! Premien kjem i posten.
<3 Marita
AN ANGEL
Hellu !
I dag er søtaste Declan Galbraith 20 år ! Så rart at den vesle sjarmøren har blitt så stor.
Han er den fantastiske songaren som syng "An angel." Den er sick fin ♥ Minner meg om
konfirmasjonen min, fordi songen vart brukt som bakgrunnsmusikk på ein liten video med
bilder. Kanskje det er derfor eg får så godt humør av å høyre denne songen ? Maybe baby.
Sjekk så søt han er, då !
Andre som elsker denne songen ?
<3 Marita
RICH BITCH
Hey !
Mange av oss har den dårlege eigenskapen med å fort bli sjalu på andre. Ofte går vi til
personangrep og kritiserer den det er snakk om også. Tenk om vi kunne sett litt meir
på kva vi sjølv faktisk har. Både av materialistiske og abstrakte ting. Vi har det faktisk
utrulig godt. Det er ikkje alle som har eit hus med fire veggar og reint drikkevatn. Det
er ikkje alle som har gratis skulegang. Har du tenkt på dette før ? Well, think about it.
Om vi ikkje har den nyaste iPhonen eller den beste rettetanga er det ingen grunn til
å få panikk. Verden går ikkje under. Utrulig nok. Du kan sjølvsagt ønske deg dette,
men hugs at det ikkje betyr all verden. Du klarer deg fint uten, når du tenker deg om.
Toppbloggarar er eit typisk døme på folk som får andre til å bli megasjalu. "Åååh, så
heldig du er" står det alltid i kommentarfeltet. Andre tenåringar vil ofte ha akkurat det
samme som favorittbloggaren deira har. Why ? Det er sjølvsagt fordi dei er forbilder
for mange og har enormt stor påverknadskraft. Du kjenner deg igjen, ikkje sant ?
Vi hugsar vel alle kor populært det var med OnePiece for ei stund sida. Kanskje det
var fordi toppbloggaren Voe reklamerte heilt ekstremt mykje for det og fjortisjentene
"Tina og Bettina" i Torsdag kveld fra Nydalen brukte dette plagget stort sett heile tida.
Vi blir veldig påverka av kjendisar. Dei har så glamorøse kjolar. Dei har fantastiske
Walk in Closet, gigantiske hus, "looks like a million dollar" uansett om dei er på ein
stor premierefest eller berre på eit lite intervju. Alle vil vere som ein kjendis. Alle vil
vere berømte. Det er nesten berre ein heilt naturleg del av det å vere menneske.
Vi må jo ha draumar, sjølv om ikkje alle er like realistiske. Det viktigaste er at vi
likevel er fornøgd med det vi allerede har og lærer oss å forstå at vi ikkje kan få alt.
Blir du fort sjalu på andre ?
<3 Marita
DEN HERLEGE FØLELSEN
Den herlege følelsen av å endeleg få til noko du har strevd lenge med.
Den herlege følelsen av å finne noko du har leita lenge etter.
Den herlege følelsen av å endeleg kunne ta helg etter ei hard skuleveke.
Den herlege følelsen av å få eit smil i frå ein person du ikkje kjenner.
Den herlege følelsen av å kjøpe noko du lenge har ønska deg.
Den herlege følelsen av å høyre favorittsongen sin på radio.
Den herlege følelsen av å danse som om ingen ser deg.
Den herlege følelsen av å drikke ein kopp med varm kakao.
Den herlege følelsen av å legge seg etter ein slitsom dag.
Den herlege følelsen av å vere ferdig med ei framføring.
Den herlege følelsen av å gje ein klem til ein du er glad i.
Den herlege følelsen av å få eit lite kompliment.
Den herlege følelsen av å sove lenge om morgonen.
Den herlege følelsen av å få ordna opp i problem.
Den herlege følelsen av å få vite ein hemmelighet.
Den herlege følelsen av å berre eksistere.


Like it ?
<3 Marita
SMÅSTRESSA
Yo !
Vi skal på juleball i Førde i kveld og Silje seier at ho er heilt klar til å reise allerede. Eg er
ikkje litt klar ein gong. Helde fortsatt på å sminke meg og krølle håret mitt. Merkar at eg
er bittelitt småstressa no... Uansett så satsar vi på at kvelden blir heilt super ♥ Kisskiss !

I'm not lookin' good.
Lovely !
Skal du ut i kveld ?
<3 Marita
LAG EIT JULETRE AV PAPIR
Love it !
Fekk du lyst til å prøve ?
<3 Marita
VINN SMINKE FRÅ ELF
Hello !
I går fekk eg tilsendt ein pakke i posten frå Elf ! Synest at den sminken er heilt fantastisk ♥
Om du har lyst å vinne ei lita julegåve med sminke, så får du faktisk sjansen til det akkurat
no. Konkurransereglane er veldig enkle denne gongen. Du treng ikkje å skrive eit innlegg
på bloggen din, men du kan sjølvsagt gjere det om du absolutt vil. Lykke til, folkens !
Love it !
FOR Å DELTA I KONKURRANSEN MÅ DU LIKE DESSE FACEBOOKSIDENE :
The Beauty Diary of Norway
maritasunshine.blogg.no
Deltar du ?
<3 Marita
LUCIADAGEN
Hey !
I dag er det endeleg Luciadagen, og då er det eit must med lussekattar. I alle fall etter
mi meining. Eg og søstra mi har derfor baka i dag, og denne baksten vart kjempegod.
Du synest kanskje det blir litt mykje bakeinnlegg på bloggen min for tida, men jula er
jo nesten rett rundt hjørnet. Vi bakar enormt mykje i adventstida og i jula. Just sayin'
Oppskrift...
Nam ♥
Har du laga lussekattar i dag ?
<3 Marita
SVAR PÅ JULESPØRSMÅL
Heisann !
I starten av forrige veke hadde eg ei spørsmålsrunde der eg skulle svare på spørsmål
om mitt forhold til jula. Planen var å svare på video, men eg har dessverre veldig lite
tid til overs no i førjulstida. Det kjem uansett ein liten video med julesongar seinare.
Feirer du jul heime ?
Ja, det gjer eg. Når eg var liten feira vi ofte jula hos Mormor og Morfar.
Kva for ei julekake er din favoritt ?
Likar veldig godt krumkaker og sjakkruter. Eit must i jula !
Kva for ein kalendar har du ?
Eg har ein søt pakkekalendar som Mamma lager til. Forever young ♥
Kva får du mest julestemning av ?
Julebrus, julemusikk og julekalendar på TV.
Det beste med adventstida ?
Lage julekaker, pakke inn gåver og alle dei fantastiske julekonsertane.
Julekonsert i Helgheim kyrkje.
Kven feirar du jul med ?
Den nærmaste familien min.
Når tar de juletreet inn i huset ?
Vi tar det ofte inn den 22.desember, men pyntar det på veslejulafta.
Kven pyntar treet ?
Eg og lillesøstra mi.
Korleis er julafta for deg ? Frå du står opp til du legg deg ?
Eg står alltid opp tidleg, tar ein varm dusj og ser kva som ligg i julestrømpa.
Pappa har laga god julefrukost og så ser eg på herlege juleprogram og søte
julefilmar på TV'en. Etterpå pyntar eg meg og reiser i kyrkja for å spele. Så tar
vi turen ned på grava og tenner lys. Når vi kjem heim igjen er julemiddagen
klar. Så er det tid for program, åpne julegåver og gå rundt treet. På slutten
av kvelden slappar vi av med litt dessert og småsnacks før vi sloknar heilt.
Julafta i fjor.
Har du funne ballkjole til juleball og nyttårsball ? Kva farge er i så fall den ?
Eg har eigentleg mange alternativ, men har ikkje klart å bestemme meg heilt
endå. Det blir mest sannsynleg ein fantastisk fin kjole i ein nydeleg blåfarge.
Når på året begynner du å kjøpe julegåver ?
Vanlegvis er det i slutten av november. I år er eg tidleg ferdig, wiiih ♥
Pynter du tidleg ?
Vi pyntar alltid først til advent. Litt lilla lys, adventsstjerne og andre småting.
Seinare tar vi fram alle nissane, englane og anna julepynt vi har liggande.
Favorittfilm i juletida ?
Tre nøtter til Askepott er min favoritt.
Åhh, julestemning ♥
Ser du på Blåfjell ?
Ja, det gjer eg. Sjølv om det har gått fem gongar på tolv år blir eg ikkje lei av det.
Favorittjulekalendar på TV ?
Likar det meste. Stor fan av The Julekalender, Blåfjell, Månetoppen og Skomakergata.
Kva ønsker du deg aller mest ?
Vil ha MacBook.
Kva blei du mest glad for å få i fjor ?
Hmm, det var vel mitt fantastiske keyboard.
Kva et du på julafta ?
Ribbe og pinnekjøtt. Med masse deilig tilbehør.
Er det viktig for deg med kvit jul ?
Ja, det er viktig. Når eg ser ut på verandaen og det regnar eller ikkje er snø i det
heile tatt, er det mykje vanskelegare å komme i skikkeleg julestemning...
Får du ofte mandelen i grauten ?
Kan ikkje seie at eg får den ofte, men eg har fått den før.
Har de alltid sju sortar med julekaker ?
Alltid. Kanskje meir enn det til og med.
Har du gått julebukk/nyttårsbukk før ?
Har gått nyttårsbukk i ganske mange år. Det er veldig populært her i byggefeltet.
Reiser du i juleselskap ?
Ja, det er alltid juleselskap på Blakset andre juledag. Ofte på Årset også. Superkoseleg ♥
Kva likar du best med juletida ?
Å bruke mykje tid i lag med familien og slekta. Det er så deilig å slappe totalt av og
gløyme alle bekymringer. I jula kan eg bruke ein heil dag på å spele brettspel, løyse
kryssord og ete masse nøtter og konfekt. Det er så fantastisk ! Beste tida i året ♥
Gode svar ?
<3 Marita
SMØRKRANSER OG SUKKERSTJERNER
Hey alle søte !
I dag har eg og lillesøstra mi laga masse herlege julekaker. Ein stor porsjon av både
smørkranser og sukkerstjerner. Vi brukte ganske mykje smør. Heldigvis har vi ein snill
Pappa som jobbar i Tine og kan skaffe TineSmør gjennom spesialavtalar når det er
heilt tomt i butikken. Heheh, neida... Desse julekakene vart i alle fall kjempegode ♥
Klar for å bake...
Åhh, herleg ♥
Må jo smake litt !
I kakeboksane.
Har du laga julekaker i dag ?
<3 Marita
FIRE ORD

Hihi, denne er så søt !
Mine fire ord er : Sweet, happy, peaceful, talented. Det var i alle fall veldig positivt.
Vil du skrive ein kommentar med dei fire orda DU såg først ?
<3 Marita
FERDIG MED JULEGÅVENE
Guess what, folkens ? Eg er heilt ferdig med julegåvene. Heilt ferdig ! Hadde aldri trudd
at eg kom til å klare det så fort. Det er faktisk ikkje så lenge sida eg begynte å handle
julegåver, men i år har eg vore utrulig effektiv. Tidlegare har eg ofte stressa rundt i Førde
og kjøpt dei siste gåvene eit par dagar før jul. Det einaste som gjenstår no er å pakke inn
julegåvene og sende nokon av dei i posten. Wii, tommel opp for supereffektive Marita !
Andre som er ferdig med årets julegåvehandel ?
<3 Marita
ÅRBOK
Hey !
I dag fekk vi årets årbok for Mo og Jølster vidaregåande skule. Alltid kjekt å sjå bilder av
alle elevane som går på skulen. Klassen vår skulle vere doktorar og bildet vårt vart litt
inspirert av Grey's Anatomy. Eg synest at temaet vårt var veldig kult ! Gotta love it ♥
Marita twitrar ros og ris, og drøymer om å skrive for avis. Yeah, følg meg : @solhe1m
Klassen min ♥
Digger designet på årboka.
Kva synest du ?
<3 Marita





